
|
Bytte ut olje- og parafinovn?
Last ned brosjyrer: Artiklar: Monteringsanvisning: |
Pelletsovn Jostedal Nisje 6 kWDette er eit skreddarsydd produkt til norske heimar for å bli oljefrie. Vi har utvikla ovnen for å erstatte parafin- og oljeovnar i trange kjellarrom og nisjer. Teknologien i ovnen har dei same gode og solide kvalitetane som pelletsovnen Jostedal. Men nisjeløysinga har supplerande, ekstern lagertank slik at du kan fylle på pellets for 1-2 veker om gongen. Også brytarpanel og styring av ovnen er forlenga, og sit på utsida av den trange nisja der ovnen blir plassert. Ovnen har grei kapasitet til å varme opp eit vanleg norsk, standard bustadhus. Den avanserte og moderne varmeteknologien, gir trygg og lettvinn varme døgnet rundt. Du får vidareført automatikken slik du kjenner han frå bruk av flytande brensel. Overgangen til bruk av pellets gjer deg fri for bruk av fossilt brensel til oppvarminga - og du blir CO2 nøytral. Denne ovnsløysinga må monterast i rom godkjende for parafin- og oljefyring der arealet er minimum 55 cm x 55 cm. Slike nisjer finst særleg i mange norske hus bygde på -70 og -80 talet. Vi har utvikla denne løysinga saman med leverandørar av parafin- og fyringsolje slik at du lett kan finne eit bio-alternativ til gamle ovnar og brennarar. Med denne løysinga treng du ikkje å gjere bygningstekniske endringar. Kontakt din næraste forhandlar for å få gode råd om montering og drift. Alternativt kan du også kontakte Norske Varmeforhandlere, http://www.norske-varmeforhandlere.com/ To som har blitt oljefrie med Jostedal Nisje:
|

