Bionordic
English (United Kingdom)

lesestol

SINTEF har kåra Jostedal til den mest avanserte pelletsovnen i verda:

Senter for innovasjon og design:

Last ned brosjyrer:

Før du kjøper ovn:

 

Pelletsovn/-kamin Jostedal 6 kW

Jostedal er pelletskaminen for deg som set kvalitet og design i høgsetet, og på enklast mogleg vis vil ha heimekos og atmosfære slik du kjenner det frå vedfyring! Dette er automatisk vedfyring som gjer at du kan glede deg over både å stå opp og kome heim til varmt hus! Her kan du sjå ein liten videosnutt om korleis Jostedal-ovnen verkar.

Det er mange grunnar til at folk veljer pelletsovn. Her er nokre: 

Jutta_Schatton_og_Kjell_Opheimshaughermeteikn Vi ønska oss automatisk og miljøvenleg oppvarming, og valde Jostedal. Vi har veketermostat, og ovnen slår seg av og på slik vi programmerer. Når vi er ute og reiser, stiller vi termostaten og kaminen startar medan vi er på veg heimover. Då er huset varmt og godt når vi opnar inngangsdøra. Vi bur landleg til og har mykje vedskog sjølve. Men vi er praktiske - med pelletsovn er kvardagslivet mykje enklare.
Jutta Schatton og Kjell Opheimshaug, Marifjøra

hermeteikn Vi pussa opp eit eldre hus og bytte ut eine vedovnen med Jostedal. Den nye ovnen er eit flott møbel i stova vår, og vi har godt inneklima. God inneluft er viktig for oss sidan vi har små barn med astma. Vi held huset varmt og godt heile vinteren med Jostedal som grunnoppvarming. Pelletsfyring er svært praktisk i ein hektisk kvardag med ungar. Super og enkel oppvarming som også reduserer straumrekninga.    
Elin og Geir Hunderi, Lærdal

Suveren varmemaskin for automatisk vedfyring!

Tenk deg ein ovn der du legg på ved for 2-3 dagar om gongen. Og at ovnen styrer seg sjølv desse dagane. Dette er mogleg med Jostedal-ovnen. Jostedal er ei suveren varmemaskin - som på heilt automatisk og sjølvstyrt vis held huset ditt akkurat så varmt du måtte ønske. Etter at du har stilt termostaten på kor mange grader du vil ha, må du passe på at den innebygde tanken ikkje går tom for pellets. Normalt vil etterfylling kvar annan eller tredje dag vere tilstrekkeleg.

Du kan kople på ekstrautstyr med termostat som har timestyring og nattsenking. Dette gir svært god fyringsøkonomi. Les meir om veketermostat under ekstrautstyr.

Vurderer du å skaffe deg ein Jostedal-ovn? Les litt om krav til plassering, montering og kva fargar du kan velje, under punktet "Før du kjøper ovn" i boksen til venstre.

 

 
 
Copyright 2009 © Med alle rettar Bionordic AS | Nettstad: InMedia