
| 9 av 10 nordmenn er nøgde med pelletsovn. Les om brukarane sine erfaringar: Heile rapporten om erfaringar med bruk av pelletsovn finn du her: Frå skepsis til opptur. Les om eit første møte med pelletsovn: |
PelletsovnEin pelletsovn er ei automatisk varmemaskin som brukar trepellets for å lage varme. Pelletsovnar blir også kalla pelletskaminar. Ovnane har eigen tank du må fylle opp med pellets. Storleik på tanken og verknadsgrad på ovnen, avgjer kor ofte du må etterfylle med pellets. Forbrenninga blir styrt automatisk gjennom elektronikk, og skjer i eit lukka kammer. Det er flammen i dette brennkammeret du ser gjennom glasruta, og som gir fin innekos. Frå dei fleste ovnane blir varmen blåst ut i rommet av ei stillegåande vifte. Dette er svært praktisk og gjer huset varmt på kort tid. Nokre ovnar har også ei vannkappe som gjer det mogleg å varme vatn til golvvarme, radiatorar eller forbruksvatn samtidig. Dei fleste ovnane blir styrte av ein romtermostat, på same vis som på panelovnar og varmepumper. Pelletsovnen startar og slukker seg sjølv for å halde den temperaturen du har stilt inn. Nokre ovnar kan også programmerast med vekeprogram, t.d. nattsenkning. I tillegg kan du tidsinnstille ovnen – slik du kome heim til varmt hus etter reise eller ferie. Trepellets er tørr flis som er pressa saman til sylindarar med diameter på 6–8 millimeter og 1–3 cm lengde. Dei kan kun brukast i pelletsovnar. Pellets gir ein god og lun innevarme, og er ein god måte å utnytte fornybar energi på. Alle som kjøper pelletsovnar som utnyttar meir enn 80 prosent av energien i brenselet, kan søke Enova om stønad på inntil 4 000 kroner. Søknadsskjema finn du her: https://tilskudd2006.enova.no/soknadsprosessen.aspx Fornøgde med pelletsovn Spørjeundersøkingar viser at 9 av 10 som kjøper pelletsovnar, er svært godt fornøgde og gjerne anbefalar ei slik løysing til andre. Du kan lese meir om dette i boksen til venstre. Der kan du også laste ned heile rapporten frå Trøndelag Forskning og Utvikling. Pelletsovnar er framtidsrett oppvarming, men løysinga er framleis ukjent for mange. Byggeprosjektet Myrvold Hageby i Aurskog valde pelletsovn som standard varmeløysing i alle dei nybygde husa. Fleire av dei nyinnflytta var svært skeptiske då dei fann ut at dei også fekk pelletsovn på kjøpet. Les i boksen til venstre om korleis Jostedalovnen frå Sogn vart til opptur og positivt møte med nytt varmekonsept . |

