Fordelar ved pelletsovnen Jostedal
Det er mange fordelar med ovnen, og dei viktigaste er:
| Ovnen er særdeles lett å forstå |
| Alle innstillingar utanom på/av og val av effekttrinn, blir gjort av ovnen sjølv |
| Ovnseigar kan ikkje gjere ”feil” eller sette ovnen sitt intelligente styringssystem ut av spel |
| Lett å sette seg inn i sjølvdiagnose-/feildiagnose-skjemaet |
| Relativt lett å utføre service på eiga hand |
| Vifta er stillegåande og spreier varmen på ein effektiv måte |
| God og effektiv varmespreiing |
| Ovnen ”tek” lite luft frå rommet, og endrar såleis ikkje luft-trykket i innemiljøet han er plassert i. |
| Verknadsgrad er suveren opp mot 97 prosent. Brukar mindre pellets enn mange andre ovnar av tilsvarande storleik. |
| Ovnen brenn svært reint. Under 0,5 gr utslepp av sot per kg pellets |
| Innerdel av ovnen er laga i rustfritt stål. Sikrar lang levetid. |
| Ovnen er konstruert i to lag. Dette gir kald overflate og særleg god brannsikring |
| Fleire sensorar sikrar at ovnen stoppar dersom noko er gale |
| Automatisk restart |
| Batteri sikrar vidare drift (ca 10 timar drift) dersom straumforsyninga fell vekk |
| Straumforbruk ved drift som vanleg lyspære (50-60 W) |
| Ovnen kan nytte både 6 og 8 mm pellets |
| Plasseringsvenleg ovn som berre treng 5 cm avstand frå brennbar vegg. Ovnen kan plasserast direkte på golvflate |
| Lett å halde rein. Glatte overflater |
|