
|
Vi må alle ta eit tak for å ta vare på miljøet rundt oss. Fakta og måtar å bidra på finn du her: |
MiljøOppvarming med trepellets er enkelt. Det er også ei fornybar energikjelde som utnyttar energien i brenselet svært godt. I klimasamanheng regnar ein all bioenergi frå trevirke som CO2-nøytralt. Dette er fordi plantar tek opp like mykje CO2 i fotosyntesen som dei avgir ved forbrenning. I Norge kan bioenergi erstatte bruk av fyringsolje og parafin til oppvarming. Dette gir eit godt bidrag til redusert utslepp av klimagassar. Pelletsovnar er små varmemaskiner, og du produserer sjølv den energien du treng - akkurat der varmen trengs. Dette kallast stasjonær energikjelde, og gir lite tap av varme undervegs. Bruk av bioenergi på denne måten er derfor ei god og framtidsretta løysing for varmeproduksjon på mange vis. I eit større perspektiv vil auka bruk av biobrensel kunne spare miljøet for opprusting av kraftframføringar og investering i annan fast infrastruktur som er naudsynt for å transportere energi. Pelletsovnar er eit godt døme på at "mange bekkar små kan gjere stor å" i arbeidet for å nå overordna norske klimamål. Med gjennomsnittleg levetid i 15 år og årleg produksjon per pelletsovn på 10 000 kWh, vil 10 000 ovnar tilsaman produsere 1,5 TWh varme. Pelletsovnar brenn svært reint slik at utslepp av partiklar og sot er minimalt. Dette er eit godt bidrag til betre luftkvalitet. Vil du sjå testdata frå SINTEF for Jostedal-ovnen, finn du nokre av desse under "Miljøfakta" i boksen til venstre. Tilgangen på bioenergi i Norge er stor. Norske skogar veks langt meir enn det vi klarar å ta ut av tømmer og trevirke. Satsing på alle former for bioenergi er viktig for å kunne gjere seg nytte av denne energibæraren - samstundes som det legg rammer for ei bærekraftig og fornuftig forvalting av skog og kulturlandskap. |

