Bionordic
Norsk bokmål (Norway)

dataovn

Drift og vedlikehald

Pelletsovnar er automatiske varmemaskiner som "går på" trepellets. Inne i ovnen fins avansert elektronikk og andre deler som treng ettersyn og vedlikehald. Det er viktig at du saman med forhandlar tek deg tid til å gå gjennom korleis du skal drifte, reingjere og pleie ovnen din. Det er nesten som med ein bil. Jo betre du tek vare på han, jo lenger og jo betre verkar han. Oversikt over komponentar og deler finn du i boksen til venstre.

Vanleg vedlikehald og ettersyn kan du stå for sjølv. Nærare instruksjonar for dette finn du i brukarhandbøkene  for dei ulike Bionordic-modellane. Ein eigen manual viser vi korleis du sjølv kan kan bytte ut slitedeler som tennplugg, batteri, lambdasensor osv.

Vi rår til at alle får godkjent servicemann til å gå over ovnen ein gong årleg. Då sikrar du deg langvarig driftsstabilitet og levetid på ovnen din. I tillegg skånar du  miljøet og eigen økonomi. Sjekkliste for årleg service finn du i boksen til venstre.

Det er viktig at du nyttar god pellets. Normalt er ikkje dårleg pellets eit problem i Norge - men sjekk at sekkene er merka med norske kvalitetsgodkjenning, Norsk Standard NS 3165 klasse 1.

 
 
Copyright 2009 © Med alle rettar Bionordic AS | Nettstad: InMedia