
|
Råd og tips om val av varmekjelde: Søk om støtte for å kjøpe pelletsovn: |
Valg av varmekjeldeDet er spennande å velje varmekjelde - og det kan vere vanskeleg å bestemme seg. Enova forvaltar styresmaktene sine verkemidlar, og på deira heimesider finn du fleire gode, nøytrale råd og tips om val av varmekjelde. På dei same heimesidene kan du også søke om støtte for å kjøpe pelletsovn. Alle ovnar som kostar over 20 000 kroner kan få tilskot på 4 000 kroner. For rimelegare ovnar blir stønaden avkorta. Søknadsskjema kan du hente frå boksen til venstre. Før du veljer varmekjelde bør du tenke igjennom i kva grad desse punkta er viktige for deg:
Korleis reknar du ut prisen per kWh? Det er greitt å kunne samanlikne prisen per kWh frå pelletsovn med andre varmekjelder. Når du reknar energiprisen i ein pelletsovn, finn du dette slik: Pris pr kg pellets/(energiinnhald i pellets x verknadsgrad). Jostedal-ovnen til Bionordic har ein suveren verknadsgrad på 97 prosent, dvs han utnyttar mest all energien i pellets. Pelletsovnar flest har verknadsgrad mellom 80 og 85 prosent og dette er utgangspunktet i mange prissamanlikningar. Med ein pelletspris på kr 2,15 per kg og energiinhald 4,9 kWh per kilo, vil Jostedal produsere 1 kWh til 46 øre medan ein ovn med 80 prosent utnytting, gir kostnad på 55 øre/kWh. Prisen på pellets har vore relativt stabil i Noreg, medan straumprisen svingar. Eit vanleg estimat på elkostnaden er pris per kWh frå 75 til 120 øre inklusive nettleige. Vil du samanlikne kostnad per produsert kWh frå ulike kjelder, kan du nytte denne priskalkulatoren: http://kalkulator.vg.no/kalkulator.php?id=10937 |

