
|
Pellets:
Lær meir om pellets: |
Kva er eigentleg pellets?Trepellets er eit reint naturprodukt. For å lage pellets nyttar ein oppmalt overskotsmateriale frå ulike typar treindustri og sagbruk. Ved hjelp av høgt trykk og temperatur vert tremassa tørka og pressa til små "vedkubbar". Trepellets er derfor kompakt og brenn svært effektivt og miljøvenleg. Forbrenninga gir også lite aske, omtrent 5 gram per kg pellets. Asken er eit finmalt, svart pudder som legg seg i eigen oppsamlingsbehaldar. Denne bør tømmast regelmessig. Pellets kan variere i lengde frå rundt ein halv cm til 2-3 cm, og diameteren er enten 6 mm eller 8 mm. Kvar kilo trepellets inneheld energi tilsvarande 5 kWh. Verknadsgraden på pelletsovnen avgjer kor mykje av energien du får utnytta. Med pelletsovnen Jostedal får du ut opp til 97 prosent av energien i pellets. Dette gjer at fyringsøkonomien vert god, samstundes som ovnen din brukar færre kilo pellets. Det at trevirke er standardisert i pelletsform, gjer at vi kan bruke trepellets på liknade vis som vi kjenner det frå flytande energikjelder som olje og parafin. Trepellets er derfor ein enkel måte å bruke biobrensel på. Pelletsovnen er ei varmemaskin som gir deg automatisk vedfyring! Trepellets er CO2-nøytralt. Forbrenninga frigjer CO2, men aukar ikkje den totale konsentrasjonen i atmosfæren. Alle tre og plantar bind opp CO2 når dei veks. Utsleppsmengda attende til naturen er den same enten plantar og tre råtnar eller brenn. Mange norske verksemder som satsar innan bioenergi, er medlemar i Norges Bioenergiforening, Nobio. På heimesidene deira www.nobio.no kan du lære meir om pellets, hente ut prisstatistikk og finne næraste pelletsutsal. |

